Vick meiner satsinga som no er på gang innan reiseliv i Vågsøy er heilt naudsynt og på høg tid.

– Det viktigaste med møtet i dag er at vi får samla folk. Så får vi kartlagt, og kan invitere til samarbeid. Det er heilt naudsynt, alle er nøydde til å samarbeide. Det er første steg. Så meiner eg det andre steget bør vere å samarbeide med nordfjordregionen. Vi bør vere med i Visit Nordfjord. Det vil gje oss veldig god hjelp til satsingsarbeid og merkevarebygging, meiner Vick.

Gerd Endal Nygård på Steinvik Camping (midten) er positiv til det nye reiselivsinitiativet og meiner det er på høg tid. Til venstre Tone Holvik-Eriksen, til høgre Ester Itland.

Ho fortel at både Kråkenes Fyr og Ulvesund Fyr i Vågsøy allereie er med i Visit Nordfjord på sjølvstendig initiativ.

– Vi har vore medlem i 20 år. Det handlar om å vere synleg og skape kontinuitet. Vi må tenke region, eit større samarbeid. Og det må skje med gjensidig respekt. Eg synest den nye merkevara og satsinga til Visit Nordfjord ser bra ut.

– No er Vågsøy på veg inn i Kinn kommune. Er det ikkje meir naturleg å samarbeide med Visit Fjordkysten som Florø er ein del av?

– No er eg av dei som meiner Vågsøy burde vere med i Stad kommune. Men uavhengig av det meiner eg det naturlege for oss er å vere med i Visit Nordfjord. Vi er ein del av Nordfjord som reiselivsdestinasjon.

Også Gerd Endal Nygård på Steinvik Camping vil at Vågsøy skal gå inn i Visit Nordfjord. Ho fortel at også dei er medlem på sjølvstendig basis.

– Vi melde oss ut ein periode fordi vi syntest kysten vart for lite vareteken då selskapet heitte Reisemål Stryn & Nordfjord. Men etter omprofileringa til Visit Nordfjord melde vi oss inn att. Det er ei god satsing der heile regionen er med. Eg føler Visit Fjordkysten ikkje har den same driven.

Lokal: Martin Hagen frå Vågsøy er den einaste med lokal tilknyting i studentgruppa som gjennomfører prosjektet. I midten Malin Berge Appelquist, til venstre Alexandra Gjerlaugsen.

Ho meiner tida er overmoden for at kommunen engasjerer seg i turisme.

– Eg syns Vågsøy kommune no må på bana. Initiativet no er veldig positivt, eg håpar det kjem noko ut av det. Eit samarbeid vil vere nyttig for alle.