I kveld skal Aksel Hauge Vedvik (12)  frå Bremanger framføre sin eigenkomponerte song «Ingenting å tape».

I dag er det nemleg livesending av Melodi  Grand Prix Junior i Oslo Spektrum, og Aksel frå Bremanger deltek med sin eigenkomponerte song «Ingenting å tape».

Bremanger kommune inviterer innbyggjarane til folkefest i Bremangerhallen.

Her blir det vist MGPjunior-sendinga, samt underhaldning.

– Eg trur heilt ærleg at det vil gå ganske bra. No seier eg ikkje at eg vil vinne, men eg trur det går bra. Det handlar meir om opplevinga, fortel Aksel til Fjordenes Tidende.

Han har store planar om å bli artist når han blir stor.

– Det har eg følt sida eg var liten, og då er det heilt toppers å få vere med på MGPjr. Eg skal bli artist, slår han fast.