– Det er kjekt å jobbe når det er så mykje folk, seier Stine Lise Sundal som stod bak disken på Cubus på Eidamessa.

Stine Lise Sundal frå Kjølsdalen var ei av fleire ekstravakter som var jobb på Cubus i helga. Eidamessa trekte mykje folk.

– Vi har veldig mykje trafikk, og det er kjekt. Butikken er fylt opp med nye varer, og det går ut ein god del kle i dei nye fargane, seier Stine Lise Sundal.

Også Ståle Moheim, som driv Eid Minibakeri i Eidsgata, hadde nok å gjere på. Han hadde gått på jobb klokka halv to natt til laurdag for å få alle bakevarene klare til utsalet opna om morgonen.

– Eidamessa er fine handelsdagar. Eg hadde hyllene fulle med brød og disken full med bakevarer. No har eg berre nokre Sarah Bernard og brownies igjen, i tillegg til skillingsbollane, fortel Ståle Moheim ein time før stenging. Også han hadde hjelp i utsalet for å ta unna straumen av kundar.

Heile saka er å lese i Fjordenes Tidende si papirutgåve måndag.