Kyrkja på Hauge feira 100 år med jubileumsgudsteneste søndag. Både tidlegare prestar, biskopen og folk frå bygda deltok.

Prost Rolf Schanke Eikum gav eit kort historisk riss og sa at det var kyrkjebygg attende til 11–1200-talet på Grotle. Biskop Myrseth peika i talen på at kyrkjebygget ikkje er det primære.

–Det er greitt å ha eit solid bygg under dei klimatiske forholda som er i våre trakter. Det vernar menneska når dei samlast. Men basisen i kyrkja er gudstenesta, sa Myrseth.

I jubileumsgudstenesta vart også to nye messehaklar tekne i bruk for fyrste gong. Desse er laga av bygda sin tekstilkunstnar Eldrid Røyseth Førde.

Jubileumsfeiringa starta laurdag kveld med konsert i kyrkja. Tre kor og musikklaget med solistinnslag skapte høgtid, og viste litt av det som bur i desse kystbygdene av song- og musikkglede. Festmiddagen var på Havly der Annbjørg Hauge Nygård orienterte om vurderingane og arbeidet som vart gjort for reise eit nytt kyrkjebygg på Hauge.

Les heile saka i Fjordenes Tidende si papirutgåve.