Foreldra til Jørn Trollebø Kvalheim (23) sit over 20 timar på Nordfjordekspressen kvar veke for å sjå sonen i aksjon i Idol.

– Nordfjordekspressen har tent godt på oss no, ler pappa Jan Kvalheim frå plassen sin under nok ei direktesending av Idol frå Chateau Neuf i Oslo fredag.

Bortover rada sit både slekt og vener.

– Dei bortover her bur i Oslo, så det er berre oss som er på langtur kvar helg, fortel dei.

Jørn er imponert over at foreldra reiser nærmare 120 mil kvar veke, og er takksam for all støtte.

– Ja, stakkars folk. Det er mange timar i buss, ler Jørn om foreldra med ei stor dose takknemlegheit i stemma.

Med seg har dei plakatar som det står «Jørn» på, og på ein av dei står det også «HSVA».

– Kva betyr det?

– Nei, det er for at Jørn skal skjønne at det er vi, foreldra, som sit her. HSVA står for «Her sit vi altså», ler mor Janette Trollebø Kvalheim.

For foreldra og resten av Jørn sine supporterar er det ei sjølvfølge å vere der.

– Det er fjerde sendinga vår no, og så lenge Jørn er med er vi her, seier Jan framfor si tredje finalerunde.

Fyrste gong han tok plass i salen, var då Jørn var i semifinalen.

Og sonen held stand, etter ein overbevisande opptreden fredag med The Lumineers-låten Stubborn Love, ein låt som pappa Jan meiner er «typisk Jørn».

– Sonen vår syng for heile Norge, så det er klart vi må vere her, seier Jan og innrømmer at han hadde klamme hender også denne fredagen.

– Det blir eigentleg verre og verre for kvar helg. Det er eit vanvitig nivå på dette her no.

Les heile saka i mandagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.