Med meldingar om orkan og ekstremvêr i helga, har Torskangerpoll Musikklag valt å utsette konserten som var planlagt laurdag 10. januar til neste laurdag, 17. januar.

Korpset stod klart med kjende låtar av mellom anna Elton John, Stevie Wonder, Beatles og Bette Midler. Opphavleg skulle Torskangerpoll Musikklag arrangere nyttårskonsert den 10. januar, men no ser dei seg nøydd til å utsette konserten til helga etter, laurdag 17. januar.

Leiaren i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge seier det var eit vanskeleg val å utsette. Men sjølv om korpset kvart tredje år arrangerer stormfestival så tok dei ikkje sjansen på å utfordre naturkreftene med slike vêrvarsel som det har vore denne veka.

Musikklegender

Men arrangørane tar det med godt humør, og forsikrar om at nyttårskonserten vil bli arrangert, berre ei veke etter planen.

– Her blir det musikk for ein kvar smak, seier Lisbeth Helen Våge, korpset sin dirigent i mange år.Ho lovar ein fin miks av populærmusikk og tradisjonell nyttårskonsertmusikk.

– Det blir også i år eit variert program med både solistar, god brassbandmusikk og godt humør.

I årets konsert er temaet populærmusikk av kjende musikklegender.

– Her er det enormt å ta av. Og vi har prøvd å sette saman ein musikalsk meny med melodiar som folk har vore glade i mange år.

Dirigenten lovar at publikum får høyre mange dyktige solistar og oppleve mange musikalske kontrastar.

Det unge lokale musikktalentet Hanna Kvamme frå Almenning i Vågsøy skal vere med som songsolist på nokre av låtane. Ho har stått på mange scener og imponert mange med si store stemme og breidde. Korpset sin eigen Laila Berg skal også synge.

Starter året med musikk

Våge fortel korpset, med sine 34 musikantar frå heile Vågsøy kommune, har brukt hausten på å øve inn låtane til konserten.

– Det har blitt ein tradisjon at Torskangerpoll Musikklag startar året med nyttårskonsert første helga i januar. Dette er 11. året at vi spelar inn det nye året med konsert i Samfunnshallen. Vi kan ikkje tenke oss finare måte å starte eit år på enn med musikk, fortel leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge.

– Vi håpar at folk møter opp til tradisjonen med nyttårskonsert like fulltalige som tidlegare år. Vi skal kvittere med speleglede, seier Wåge og legg til at folk kan kjøpe billettar på førehand på Nordfjordhallen sine nettsider. Det vil også bli selt billettar i døra til konsertdagen 17. januar.