At Opera Nordfjord selde færre billettar i fjor får konsekvensar for operahuset. – Vi merkar nedgangen på selde billettar, seier kulturarbeidar Helga Didrikke Sundal.

Ettersom Opera Nordfjord selde færre billettar til framsyningane i fjor, får det også konsekvensar for sjølve Operahuset Nordfjord.

I fjor selde operahuset totalt 14.300 billettar, ein nedgang på 3.000 billettar samanlikna med året før.

Av desse 3.000 står Opera Nordfjord for cirka 2.500 billettar og andre arrangement i operahuset for dei resterande 500.

– Men vi hadde fleire arrangement i fjor enn tidlegare, og dette kompenserer for nedgangen av selde billettar. Når det gjeld publikum på arrangement utan billettsal har det gått opp, og der hadde vi 11.000 publikummarar, fortel Helga Didrikke Sundal, som er kulturarbeidar ved Operahuset.

Det som vekte størst interesse, og fekk publikum til å gå mann av huse, i fjor var Nordic Tenors, Bjørn Eidsvåg og Sigrid Moldestad, som alle hadde konsert på avslutninga av året.

På den andre sida av skalaen finn vi Sogn og Fjordane Teater med framsyninga Norge. Nett. No, som berre trakk sju publikummarar inn i salen.

– Vi skal vere ambisiøse, men må også vere realistiske, og vi veit aldri korleis det går med operaen. Vi spår, men veit aldri publikumsinteressa, seier Sundal.

Les heile saka i fredagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.