Frå no av blir det truleg norsk musikk frå Line Dybedal.

Selje-artisten Line Dybedal slapp i dag låta Stille, ein norsk versjon av den engelske låta Silent ho tidlegare har gitt ut.

Høyr den nye låta nederst i saken.

– Eg skulle gå i gang med album, men eg følte eg ikkje kunne fortsetje der eg slapp i fjor vår, forklarer artisten.

Ho måtte finne ut kva ho ville. Kva som var Line Dybedal, artisten.

– Eg fann ut at ingenting følast meir naturleg enn å sitje bak eit piano og syngje akkurat slik som eg snakkar.

Og då følte Line at det vart riktig. På Nordfjord-dialekt og med «ekte» instrument som orgel, bass og piano, i tillegg til ein tøff elektronisk produksjon av Magnus Å. Skylstad, forklarar Line.

– Eg føler at teksten kjem så mykje betre fram på norsk. Det har blitt ei sterkare låt, reint følelsesmessig, for min del,

Låta har allereie hamna på C-lista til P1 og P3 og har i tillegg vore spelt på ein Færøysk nasjonal radiokana

– Eg har fått kjempefine tilbakemeldingar frå folk som likar låta, og spesielt har dei kommentert at dei likar at eg syng på dialekt. Ein blir liksom litt stolt av dialekten og Nordfjord og Selje, fortel artisten og legg til at det er stas med så gode tilbakemeldingar.

No er ho i gang med eit heilt album på norsk, og sjølv tvilar ho på om ho vil fronte seg sjølv på engelsk igjen. Dialekten vart plutseleg så naturleg å bruke.

– I tillegg er det ikkje så mange som gjer electropop på vestlandsk Nordfjord-dialekt, så det er eit absolutt pluss, slår ho fast.

Om to veker giftar artisten seg, men etter det satsar ho på at det blir fleire oppdrag, konsertar og radio, i tillegg til å gjere ferdig eit album. Men særleg ein ting ser ho spesielt fram til.

– Etter bryllaupet skal eg starte på ein ganske stor arrangerings-jobb fram mot Seljumannamessa i år, der Helgesen-koret skal stå for den årlege Seljumannamesse-konserten. Eg håpar også at Odd Erik Lothe har ei fantastisk låt liggande på lur, slik at vi kan gå i studio og spele inn meir norsk musikk.