– Etter eit halvt års arbeid er vi laurdag 31. januar klare til å vise fram resultatet av arbeidet med scenografiprosjektet frå Grotle i Bremanger, skriv Reidun Øvrebotten i ei pressemelding.

Scenografiprosjektet « Å vere i verda» har handla om husa på Grotle som del av scenografien til oppsetninga «Der båra bryt», eit stort vandreteater initiert av Bremanger kulturlag.

Scenograf Tormod Lindgren, elevar og lærarar i 8. og 10. klasse ved Hauge skule og visuelle kunstfag i Kulturskulen i Bremanger har delteke i prosjektet som har blitt gjennomført med støtte frå Norsk Kulturråd, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Bremanger kommune.

– Målet har vore at elevane skulle lære om historia til husa. Vi har registrert dei særegne namna på husa, studert bygdebøkene og funne slektene som har budd der og samla historier, seier Øvrebotten.