Interessa for samleobjekt med lokal tilknyting er aukande, fortel Per Rune Vereide.

Førstkomande helg vert nemleg Samlarmessa på Skei arrangert for 25. gong. Fleire av frimerkeklubbane i Sogn og Fjordane har vore med å arrangere messa som Hallvard Viken starta opp for 25 år sida.

Dei siste åra har det vore Eid Frimerkeklubb som har vore arrangør av messa, og framleis i nært samarbeid med Hallvard Viken.

– 25 samanhengande år for ei slik messe er lenge. Eg er ikkje kjent med at andre tilsvarande messer har halde ut så lenge. Vi er litt stolte av å kunne ha jubileum, seier Per Rune Vereide, som er kontaktperson for arrangøren.

I starten var Samlarmessa først og fremst kjøp og sal av frimerke, myntar, setlar og andre nærliggjande samleobjekt. Handlarar frå Bergen i sør til Molde i nord har vore invitert for å by fram sine objekt, skriv arrangøren i ei pressemelding.

– Dei siste åra har interessa for å samle objekt med lokal tilknyting vore aukande og særleg postkort med lokale motiv har mange samlarar. Det finst utruleg mange flotte postkort frå vår del av landet. Vestlandet har vore attraktivt for turistar i generasjonar, seier Vereide i ei pressemelding.