For å kunne finansiere festivalen er Bjørn Venø og resten av arrangørane heilt avhengig av støtte og hjelp.

– Vi treng all den hjelpa vi kan for å realisere ein slik festival på internasjonalt nivå, medgjer Bjørn Venø.

Sjølv om dei allereie har henta inn ein variert og sterk kombinasjon av kunstnarar, treng dei framleis pengar til å dekke mat, reise og løn for kunstnarane som har takka ja.

Blant anna har Venø starta såkalla crowdfunding til festivalen. Det vil seie at publikum eller interesserte er med på å støtte prosjektet ved donasjon eller kjøp av festivalvarer.

– Men festivalen vil gå av stabelen sjølv om vi ikkje når minstesummen for kva vi treng på 100.000 kroner, fortel han og held fram:

– I skrivande stund har vi fått fire søknadsavslag for støtte, men vi har sterk tru på at vi skal nå minstesummen gjennom dei resterande søknadene, støtte frå enkeltindivid og lokale bedrifter.

Arrangørane slo til då Venø-familien måtte bestemme seg for kva dei skulle gjere med Venø Gard, som har vore i familien i fleire generasjonar.

Dei bestemte seg for å gjere noko som kan gje substans og næring til lokalsamfunnet.

– Noko vi har sterk tru på vil stimulere vekst og nyutvikling, seier Venø.