Festivalsjefen kan no avsløre at Susanne Sundfør og Honningbarna kjem til Malakoff 2015.

Frå før av er allereie Mew, Seigmenn,The Toy Dolls, Team Me og Thea Hjelmeland annonsert.

Malakoff blir arrangert 16.-18. juli på Nordfjordeid og totalt vil 28 band stå på scena under festivalhelga.

– Fabelaktige Susanne Sundfør og Honningbarna, Noregs mest energiske rockeband, besøker Malakoff til sommaren. Begge artistane er albumaktuelle og vi spår «Norgesherredømme» og særs gode ting for begge artistane, skriv festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.

Susanne Sundfør fekk Spellemannpris på debutplata i 2007 og i år startar Sundfør på eit nytt kapittel med Ten Love Songs, som er tittelen på hennar nye album.

Honningbarna slo gjennom for snart fem år sida med Ep-en med namnet Honningbarna. Seinare har dei gitt ut albuma La alarmene gå og Verden er enkel. 31. januar slepp dei atter ein ny EP, Opp de nye blanke.