Med den nye performancekunst-festivalen Venø Gård KUNST ønskjer arrangørane å gje noko tilbake til lokalmiljøet.

11.–12. juli på Venø Gård på Venøy i Selje kommune er datoane folk må sette av. Og lista blir lagt høgt, fortel Bjørn Venø, ein av arrangørane.

– Viss ein skal lage ein festival som har verdi, så må det vere ein moglegheit for at det blir ein total fiasko. Dermed satsar ein alt på å få det til, og gevinsten vil bli ein god del større, seier Venø.

Bak festivalen står Bjørn Venø saman med Anita Eide, Julia Kröner og Jessica Venø med hjelp frå Elaine Venø og Olav Venø, som eig Venø Gård.

– Vi håper at Venø Gård KUNST vil bli ein festival som folk blir engasjert i, tar del i og set pris på, seier Bjørn om den nye festivalen.

Venø Gård KUNST er ein performancekunst-festival. Det vil seie at publikum får ei meir direkte tilknyting til kunstverket ettersom kunstnaren og kunstuttrykket er eitt.

– Performancekunst er eit uttrykk som vert skapt her og no. Det fører til ein intensitet i møtet mellom kunstverket og tilskodaren som er annleis enn det som gjeld statisk kunst eller kunst ein opplever via ein skjerm, forklarar Venø.

Han trur kunstforma kan bidra til ei forståing av korleis kunst vert til. For den første utgåva av festivalen ønskjer arrangørane ei blanding av sterke etablerte kunstnarar med lang erfaring, unge kunstnarar med nye perspektiv og idear, samt kunstnarar i midtfasen av karrieren.

Så langt er Nigele Rolfe, Kurt Johannessen, Vincent Campos, Karianne Stensland, John Court og István Kovács klare for Venø Gård KUNST.

Les meir om festivalen i onsdagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.