På fredag kjem Vaffelhjarte til Olivinhallen i Åheim.

Våren 2015 har Den kulturelle skulesekken (DKS) i Sogn og Fjordane sendt teaterstykket Vaffelhjarte ut på turné.

Stykket skal visast for alle elevane i barneskulen i fylket, ei storsatsing og den mest omfattande turneen nokon gong i DKS i Sogn og Fjordane.

Hovudpersonane Trille og Lena er kjende og kjære for mange, gjennom boka til Maria Parr frå Vanylven og NRK Super sin barne TV-serie.

No er det Sogn og Fjordane teater og Den Nationale Scene i Bergen, som saman har laga teater av historia om dei to niåringane frå den vesle bygda Knert-Mathilde, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Og fredag skal altså stykket visast i Olivinhallen på Åheim i Vanylven, heimkommunen til forfattaren Maria Parr.