Opplev Bremanger satsar friskt igjen til sommaren og annonserar no at startskotet for sommarens Rockweekend blir torsdag 9. juli.

Dermed ser arrangørane fram til ei helg i juli med mykje musikk. Rockweekend blir i år arrangert frå 9. til 12. juli.

I tillegg kan Opplev Bremanger røpe at ein av artistane som kjem til juli-festivalen vert Adam Douglas.

– Vi startar med eit smell med den amerikanske soul- og americana-vokalisten og gitaristen Adam Douglas. Den svært talentfulle amerikanaren har fått enormt med skryt og cred sidan han busette seg her til lands, skriv Opplev Bremanger på si facebookside.

Og merksemda til Adam Douglas skuldast nok både den kraftige og vakre stemma og det røffe gitarspelet.

Våren 2015 kjem artisten med sitt eige soloprosjekt på GRAPPA, og låtane er signert heilt og fullt av Douglas sjølv.

– Med eit knippe av dei beste norske musikarane i ryggen og eit lite dryss amerikansk bistand står Douglas no framfor ei utgiving vi trur og håpar vil føre americana og soulmusikk til nye høgder her til lands, skriv Opplev Bremanger på si facebookside.