Etter eit eventyrleg år er Alexander Hoddevik og Comet Kid ute med ei ny plate.

– Vi har vore veldig bevisste på at når ballen byrja å rulle, så skulle vi berre trøkke på, seier Alexander (26). Det har gjeve avkastning, for Comet Kid har verkeleg medvind for tida.

– Det er veldig kjekt å oppleve at vi får noko igjen for all den tida vi legg ned i dette, seier gitaristen frå Honningsvåg på Stadlandet etter rundt 70 konsertar i løpet av 2014.

Ny platekontrakt

Førre veke var kanskje den beste veka sidan oppstarten til Comet Kid i 2013. Måndag kom det nye albumet, Forces of Nature, ut og fredag spelte Comet Kid sin største innandørskonsert nokosinne på eit utseld Rockefeller i Oslo.

– Tusen takk for i går! Stinn brakke. Eier ikke ord! skreiv Hoddevik på sin Instagramkonto laurdag. Musikalsk sett er det nye albumet hakket meir rock enn forgjengaren som kom i fjor.

– Det er eit meir gjennomarbeida album. Mange av låtane har kome fram når vi berre har jamma i lag på øvingsrommet, fortel Hoddevik om albumet som er spelt inn i Halden.

Det er mykje å gjere for Comet Kid framover. I løpet av vinteren og våren har bandet spelt konsertar frå Kirkenes i nord til Mandal i sør. Den påbegynte Forces of Nature-turneen avsluttast først i mai.

– Det er mykje reising og mykje jobbing. Og når vi kjem tilbake til plassar vi har vore før har publikum blitt større.Alle i bandet har vanlege jobbar ved sidan av, og opplever å jobbe 200 prosent.

– Eg veit om berre ein fridag før sommaren. Det er 17. mai.

Les mer om saken i papirutgaven av Fjordenes Tidende