– Vi tar imot nye medlemmer med opne armar, seier Jarle Grotle, dirigent i Bremanger kammerkor som inviterer til konsert 26. februar.

Bremanger kammerkor, med sine 20 medlemmer, tar gjerne imot fleire songfuglar.

– Det er ikkje noko opptakskrav hos oss, så her er det bare å bli med å synge om interessa er der. Vi har ei fin stemme i koret, men vi kan alltids få fleire, slår Grotle fast.

God akustikk

Bremanger kammerkor syng alt frå musikalar og klassiske songar til folkeviser og «vanleg korrepertoar», seier Grotle.

Men 26. februar er dei klar for noko litt anna, som arrangør for ein konsert med Henning Sommerro og Elena Yakovleva i Bremanger kyrkje.

– Henning Sommerro er ein kjend skikkelse i norsk musikkliv, så det er noko ein absolutt burde få med seg, konstaterer dirigenten.

Les mer i papirutgaven av Fjordenes Tidende