Dei lokale meisterdetektivane Skolt og Puré ligg ikkje på latsida. 28. mars er dei leigd inn for å løyse Bremanger musikklag sin påskekrim igjen.

Påskekonserten Palmesus og dans i Polja finn stad i Strandhall på Ryland, men Bremanger musikklag held krimkorta tett til brystet.

– Eg tør ikkje røpe noko, men eg trur det kan vere snakk om noko så alvorleg som mord. I alle fall alvorlege kriminelle handlingar – som skjer i Bremanger, seier Inger Igland Kvamme i musikklaget.

Bremanger musikklag likar å finne på utradisjonelle ting, og påskekrimideen fekk dei i fjor.

– Vi hiv ut nokre idear, og i fjor prøvde vi ut krimkonseptet. Og likte det så godt at vi no gjer det igjen, seier Inger Igland Kvamme i musikklaget

Det vesle forsamlingshuset har berre plass til hundre personar når det er dekka til mat.

– Det er først til mølla-prinsippet som gjeld. Sjølve kvelden får eit nostalgisk bakteppe, med langbord og betasuppe – og dans etterpå, seier Igland Kvamme.

Heile konserten er basert på eigeninnsats, og heile musikklaget er i sving.

– Vi gjer alt sjølve, frå å lage betasuppa til å skrive krimmanus. Alle må jobbe for å få dette til, seier Igland Kvamme, som fortel at dei deler oppgåvene mellom seg.

– Vi har nok å gjere, men det er så utruleg kjekt og vi har det alltid kjekt saman.

Les heile saka i fredagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.