TV-serien om Marit og dyra gjer at fleire kjem til Hakallegarden. Dermed kan det bli ein veldig god sesong for familien på besøks- garden.

– Vi såg at besøket auka alt i vinterferien, seier Olav Krakset ved Hakallegarden, som er med i TV-programmet om Marit og dyra saman med kona Aina Krakset og dottera Marit (7).

Serien tar for seg livet på garden, og det vart gjort filmopptak med dottera i hovudrolla gjennom heile 2014. I dag, tirsdag, blir den siste av åtte episodar sendt på NRK Super.

Det er dagleglivet på ein gard som blir vist, og ikkje besøksgarden med hesteriding og traktorturar som folk flest kjenner. Men Olav Krakset, styreleiar i Hakallegarden AS, seier at gjennom aktiv marknads- føring på Facebook har dei fått brukt TV-serien på ein måte som skaper meir merksemd og trekker meir folk.

For Marit, som nettopp er fylt sju år, gjer den auka merksemda at barn på gardsbesøk spør om å få ta bilde saman med ho, fordi dei kjenner ho att frå TV. Faren trur at dei vil måtte skjerme dottera mot slik merksemd framover.

Men også dyra som er med i programmet er blitt kjendisar.

– Det er barn som kjem og spør kor grisungane er, seier Aina Krakset, som ser at mange barn har fått nye forventingar til kva som møter dei.

Ho er dagleg leiar ved Hakallegarden, og gjer seg nye erfaringar.

– Mange ungar vil fortelje oss kva dei har sett herifrå. Det blir viktig at eg er tilgjengeleg og at dei får spørje, seier Aina.

Les heile saka i mandagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.