Helge Rønnekleiv har dirigert i tretti av dei førti åra Hjelle skulemusikk har eksistert. Søndag deltok dei og dei seks andre korpsa i Eid på vårkonsert.

– Det er ein livsstil, seier Helge Rønnekleiv (52), dirigent i Hjelle skulemusikk.

Han har sjølve vore med på nesten alle vårkonsertane.

Hjelle skulemusikk har også vore med lenge, og no feirar dei 40-årsjubileum over to år. Korpset vart starta i 1975, men musikantane fekk ikkje instrument før i januar året etter.

– Hjelle skulemusikk var det første korpset med aspirantopplæring i skuletida. Skulen hadde vore den einaste utan korps, og rektor Daniel Bjørlo køyrde rundt og henta musikantane, mimrar Rønnekleiv.

– Og så har vi ein dirigent som er engasjert for musikk og overfører spelegleda til ungane, fastslår leiar Kari-Anne Vedvik, som er imponert over at dirigenten har halde ut i tretti år.

Men for dirigenten sjølv er musikk og korps livsnerven.

– Eg begynte i skulekorpset på Nordfjordeid som tiåring, og likte det. Det er vel berre ein vårkonsert på Eid eg ikkje har fått med meg på alle desse åra, og ingen har vel gått fleire 17. mai-tog enn meg.

I år vert det berre tre tog, smiler Rønnekleiv, som sjølv var med i Eid musikklag i mange år. Nøkkelen for å vere med i korps lenge er det sosiale.

– Det er det viktigaste, og at gruppa trivast i lag. Vi også slit, men vi har dei unge med på råd. Vi er eit publikumsvennleg korps som spelar lettfatteleg musikk, og no har vi fleire som også vil synge i korpset.

Les mer i papirutgaven av Fjordenes Tidende