Onsdag 1. april blir det igjen «Påskesylte» på Havly Pensjonat i Bremanger. Denne gongen har initiativtakarane bestemt seg for å donere overskotet til kjøp av Heimen-flygelet.

Det er viktig å ha norske ord for det utanlandske. Derfor heiter den tradisjonelle påskejammen på Havly i Iglandsvik «Påskesylte».

– Og denne gongen har vi tenkt å gjere det litt annleis. Vi donerer inntektene til kjøp av flygelet på Heimen, seier Norvall Klungresæter. Flygelet som står i kulturhuset Heimen i dag er eit privat eigd flygel. Dette skal no seljast, og kulturskulelærarane sette for ei tid tilbake i gang ei kronerulling for å kjøpe flygelet, så det kan bli ståande i Heimen til glede for elevar og andre musikarar i bygda.

– Vi manglar framleis nokre tusen på å få til det, seier Klungresæter som meiner Påskesylte er ein perfekt anledning til å skaffe restbeløpet.Påskesylte har vore arrangert på Havly dei siste åra, og er ein stad der lokale musikarar speler for kvarandre og for eit publikum.

– Vi håpar mange har lyst å kome og spele 1. april, seier Klungresæter.