Ein vanylving stakk av med prisen for årets vakraste bok med sitt bokomslag til kortromanen «MS Liv».

Øystein Vidnes fekk gull i klassen for vaksen skjønnlitteratur, for sitt arbeid med omslaget til kortromanen «MS Liv» av Rolf Sagen, skriv smp.no.

Vinnarane blei heidra under eit arrangement på Nasjonalbiblioteket i Oslo førre veke.

– Eg blei heilt perpleks over å få gull. Men det er ei fantastisk bok som det var rørande å jobbe med, av ein forfattar som har tydd mykje for meg personleg. Ho blei akkurat slik eg såg det for meg, seier Vidnes til avisa.

Vidnes er opphavleg frå Fiskå i Vanylven, men bur i Leikanger i Sogn.

I tillegg til å jobbe med andre sine bøker, skriv han også bøker sjølv. Han debuterte i 2002 med «Bondeforteljingar», og fire år seinare kom boka «Ekstasar».

I 2010 fekk Vidnes også Kulturdepartementet sin pris for beste omsetjing for boka «Veslebror ser deg».