Laurdag opnar utstillinga til Ungdommens kulturmønstring (UKM) i Førdehuset. 55 utstillarar frå heile fylket er representerte med kunsten sin.

18. til 19. april brakar det laust i Førdehuset når ungdom frå heile fylket skal delta på UKM Fylkesmønstring. Ungdommane får høve til å vise seg fram innan ulike kunst- og kulturuttrykk. Nytt i år er at ein heil medieklasse deltek med fotooppdrag under mønstringa.

Om lag 240 ungdommar frå Sogn og Fjordane skal delta på fylkesmønstringa. Målet er å ha det gøy, lære nye ting og møte andre som likar eller ikkje likar det same som ein sjølv. UKM er eit sosialt arrangement der deltakarane kan vere i Førdehuset heile helga.

Førde kommune er teknisk arrangør på vegner av Sogn og Fjordane fylkeskommunen. Dei lovar eit variert program med utstilling og framsyningar for publikum, og mellom anna ulike workshop for deltakarane.

I år, som tidlegare år, vert det stor breidde i utstillinga og sceneframsyningane.

– Det vert storveis og må opplevast, seier Kulturleiar i Førde kommune Johan Bengtsson.

I 2015 feirar UKM 30 år. Sogn og Fjordane har vore med sidan starten, og jubileet vert markert under fylkesmønstringa, fortel Bengtsson.

– Det vert opning ved leiar av hovudutval for kultur Nils Gjerland, og kanskje nokre overraskingar undervegs i framsyningane, så følg med, oppmodar han.

Førde kommune er teknisk arrangør for UKM fylkesmønstring 2015 på vegner av Sogn og Fjordane fylkeskommune.