Opera Nordfjord sitt operakor og Musikklinjekoret ved Firda vidaregåande skule har sidan i haust øvd på dei krevjande korstemmene til Symfoni nr. 9 av Beethoven.

Dette siste, store meisterverket til Beethoven skal snart glede publikum i fylket. For første gong i historia skal ord og tonar frå Ode til gleden tolkast og formidlast av eit storkor på 100 songarar, 44 musikarar og 4 solistar, skriv Operahuset Nordfjord i ei pressemelding. Teksten handlar om fridom, likskap og brorskap mellom alle menneske. Den er meir aktuell enn nokon gong og var også slagorda for Den franske revolusjonen.

Den kjende teksten og melodien er òg kjend som den offisielle Europahymnen. Spelestader vert Trivselshagen 24. april, Operahuset Nordfjord 25. april og Førdehuset 26. april. I tillegg til gledessymfonien får publikum mellom anna høyre orkesteret i Toccata & Fuge i d-moll av Bach/Stokowski og audate Dominum av Mozart.