Anne Nørdsti og Steinar Engelbrektson Band spelar i Olivinhallen på Åheim laurdag 25. april. Og arrangørane forventa besøk av nærare 200 bubilar til helgas konsert.

– Arrangementet har vakse seg stort og flott, fortel arrangørane og fortel at det vert fyrverkeri når Anne Nørdsti kjem. Ho er tilbake med albumet Danser i måneskinn, og slo gjennom som soloartist med albumet Bygdeliv frå 2004.

– Med over 170.000 selde album og over 500 spelte konsertar hittil, har ho etablert seg som ein av Noregs største artistar i krysningspunktet mellom danseband og countrysjangeren, meiner arrangørane. Med seg får ho Steinar Engelbrektson, som er meir aktiv enn han nokon gong har vore.

I 2012 vart Steinar nominert til Gullskoen for plata Terningen er kasta. I fjor kom han med ny plate, Ekte speleglede, med trekkspel og på dialekt, skriv arrangørane i ei pressemelding.