Elevane i sal og scene ved Hauge oppvekst ønskjer at ungdom i dei ulike bygdene skal bli betre kjent.

– Vi kjenner godt dei vi går på skule med, men ikkje så godt ungdom frå dei andre bygdene. Det ønskjer vi å gjere noko med, fortel Sivert B. Ryland i 9. klasse ved Hauge Oppvekst.

Dermed har elevane frå 8.–10. klasse som tek faget sal og scene ved Hauge skule invitert til eit ungdomsarrangementet i kveld i Ryland grendehus/Strandhall.

Arrangementet er rusfritt og har som mål å auke samhaldet mellom ungdomen i kommuna. Arrangørane har òg sørga for at det går buss til og frå arrangementet, slik at ungdommen kjem seg trygt fram og heim.

– Nokon i gruppa spelar i band på fritida, så det vert ein konsert.

I tillegg tenker vi å ha bufeet med thaimat og ein quiz som vi har laga sjølv, fortel Sivert, som har jobba med å skaffe sponsorar, plakatar og få ut bodskapet om kvelden.

– Dei siste tala viser at rundt 50–60 ungdom kjem, så eg trur det blir ein bra kveld, slår 9. klassingen fast.