Steinar Thunem er med i komiteen for Kosterikjedagane som blir arrangert i Syvde i Vanylven denne helga. Vi har slått av en kjapp prat med 63-åringen i forkant av arrangementet.

– Kva skjer denne helga?

– Fredag vert det mellom anna song ved Ann Cesilie Skundberg og pianist Peter Demirov og andre lokale talent. Det vert òg utstilling, Frendar syng og Kåre Fløtre spelar i teltet. Laurdag blir det frukost i Koste-teltet, Blåfelden rett opp, helikoptertur, lokale musikalske talent som underheld, moteshow og tryllekunstar, samt dans og konsert i teltet. På søndag er det songinnslag, kåseri, politisk debatt og gudsteneste i Syvde kyrkje.

– Kva har vore viktig i arbeidet med årets program?

– Det er allsidigheita og at vi får til den herlege kombinasjonen av kunst, kultur og idrett. Vi har ei flott kunstutstilling med tre kunstnarar, så har vi fjelløpet Blåfelden rett opp med nasjonal deltaking, mykje stands og butikkar som er fulle av gode tilbod.

– Korleis blei Kosterikjedagane til?

– Det starta med at vi såg at andre bygder hadde liknande tiltak, som Måløydagene i Måløy og Solsikkedagane på Fiskå. Vi såg på det som ei god anledning til at folk skulle få ei skikkeleg kom heim-helg. Det er viktig å knytte og halde ved like band til heimbygda. Så var det ein gjeng eldsjeler som starta opp, og fleire av dei er framleis med.

– Kven opnar Kosterikjedagane i år?

– Dei siste fem åra har vi jo hatt ein utflytta syvding til å opne dagane, og dei ser visst på det som ei stor ære. I år er det Helge Monstad som voks opp i Syvde og jobbar på Vestlandet. Vi liker å ha likandes folk som opnar, og han er ein syvdepatriot. Lista skal ligge litt høgt for å få opne Kosterikjedagane.