Fredag 5. juni er det klart for det årlege sommarshowet med Kulturskulen i Eid.

I tillegg til det musikalske blir det både dans og utstilling i samband med det årlege arrangementet til Kulturskulen i Eid kommune, skriv arrangørane.

I løpet av showet forsikrar Kulturskulen om at dei vil vise heile breidda i tilbodet og aktivitetane i kulturskulen i løpet av det om lag to timar lange showet.

Programmet blir elles tradisjonelt sett opp, med stor spennvidde og alt frå små enkeltinnslag til store fellesnummer, der ein får høyre mange ulike instrument på ein gong.

Det blir solostykke, grupper, korps, dans og band. Rockskulen i Eid og Eid ballettskule deltek sjølvsagt, og det blir utstilling med arbeidet til elevane i visuelle kunstfag, samt vist bilete på storskjerm.