Med ny og kjend musikk håpar Helgesenkoret med venner å nå ut til eit yngre publikum under Seljumannamessa i helga.

– Vi ønsker å gjere konserten på vår måte, seier Line Dybedal, som håpar å overraske dei som kjem på konserten Song og Soge laurdag i Selje kyrkje.

Den tradisjonsrike konserten som brukar å vere dagen før sjølve Seljumannamessa kjem derfor i ei ny drakt i år. Helgesenkoret med venner skal følgje historia om Sankta Sunniva frå ho starta i Irland, reiste over havet til Selja og døde i helleren.

– Vi har funne musikk frå 700-talet og fram til no, med vekt på nyare tid, som passar inn tematisk og med stemninga, fortel ho.

Ein vil derfor få høyre både irsk musikk, salmar og popmusikk henta frå Ane Brun og Vamp.

– Det blir veldig variert og vi håpar at det blir stemningsfullt og fint, seier ho.Dybedal viser til at dei er av den yngre generasjonen som håpar å bidra til den tradisjonsrike Seljumannamessa.

– Konserten er for alle, men vi håpar også å sjå folk på vår eigen alder, seier ho og legg til at det er ei sterk historie dei vil formidle.

– Vi håpar at vi kan forsterke dei ulike kjenslene ei ung jente som har bestemt seg for å reise over havet kan ha hatt. Koret deltek også søndag på sjølve Seljumannamessa på Selja.

– Der skal vi vere forsongarar og synge nokre av songane frå konserten i gudstenesta.