Seljumannamessa blir i år litt utanom det vanlege med markering av Olav den Heilage si ilandstiging på Selja i 1015.

– Dette blir ei oppleving, og ei spesiell markering på Bø, fortel Bjørn Jensen.

Det er i år 1.000 år sidan Olav Haraldsson blei norsk konge, og kongsgjerninga tok til på Selja. Før sjølve messa startar, skal markeringa skje på Bø, på austsida av Selja. Der får ein møte kongen og følgjet hans i eit historisk spel der han mest truleg gjekk i land.

– Først kjem båten Embla, så blir det ilandstiging, appell og historisk orientering, fortel Bjørn Jensen.

Kystkulturlaget i Vågsøy skal delta, samt den kristne vikinggruppa Olavs menn frå Østfold.

– Dei skal vere roarar og ro kongen i land, som opphavleg kom frå England, fortel Jensen.

Paul Jacob Helgesen skal spele kongen som også får med seg ein skald. Kostyme blir lånt ifrå Dragseidspelet.

– Dette er eit skikkeleg paradigmeskifte i den norsk historia, seier Jensen, som håpar mange vil vere med.

Båt går frå Selje søndag morgon med retur etter gudstenesta. Ein vil dermed få med seg denne historiske markeringa med ilandstiging før prosesjonen går vidare til klosterruinane der det blir gudsteneste.

Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, skal vere predikant på gudstenesta i klosterruinane på Selja.