Paul Jacob Helgesen i rolla som Olav Haraldsson gjekk først i prosesjonen til messa og klosteret på Selja.

Seljumannamessa blei i år litt utanom det vanlege. Før messa var det ei markering av at det i år er 1.000 år sidan Olav Haraldsson, seinare Olav den Heilage, gjekk i land på Selja. Det var derfor sett opp ei lita historisk framsyning i autentiske omgjevnader der dei fire storgardane frå vikingtida stod på Bø. Der kom kvinnene frå stiftinga Embla i land med song. Olav Haraldsson blei deretter rodd til land i ein vikingbåt av vikingane Olavs menn og leia an prosesjonen til klosteret for sjølve messa.

Roald Halsør, som er leiar for Seljumannamessekomiteen, kan fortelje at heile 330 personar tok turen i klosteret.