Turid Haye helsar velkome eit nytt kunstuttrykk til Selje.

– Dette er veldig spennande, seier Turid Haye, som var på International Performance Art Festival på Venø Gård KUNST i helga.

Haye hadde sett den kjende norske performancekunstnaren Kurt Johannesen fleire gonger tidlegare, og var begeistra over å sjå han igjen på Venø Gård KUNST.

– Det han viste var fint, seier keramikaren Haye, som også sette pris på ein festival med god stemning.

Ho seier at det var hyggeleg å vere på festivalen.

– Og det er jo så fint på Venøy, seier Turid Haye.

På båttur

Kunstfestivalen på Venø Gård gav heilt spesielle opplevingar og mellom anna ein rotur på sjøen med ein kunstnar.

– Vi kom for å få ein dag utanom det vanlege, seier Linda Eide frå Selje.

Ho stod på flytebrygga på festivalen saman med fleire andre og følgde utføringa til performancekunstnar Karianne Stensland. Stensland tok alle som hadde lyst på ein liten rotur, snakka med dei, og bad dei teikne det dei opplevde.

Dette heldt ho på med i fire timar fram til ho til slutt drog ut nygla i båten og sette seg ned og teikna sjølv, mens båten etter kvart sokk.

– Dette er kunst som set i gong nye tankar og som skapar diskusjon, seier Linda Eide, som brukte ein heil dag saman med familie og slektningar for å oppleve Venøy og den nye festivalen.

Forventinga var at ein ville kome til å få oppleve noko rart, som ein kanskje ville forsøke å forstå tanken bak.

Kamilla Endal, som arbeider med kulturformidling i Oslo, synest at det er spennande at ein set opp noko så smalt på ein så liten plass.

– Det er veldig artig at slike rare ting skjer, og at det er plass til det her, seier Endal.

Ut mot havet

Venø Gård KUNST hadde laga ei kunstløype, og irske Nigel Rolfe brukte seks stader på øya til sin performance, og gjekk fram og tilbake mellom låven på garden og svaberg ved sjøen med pinnestolar. Ved sjøkanten sette han fyr på stolane.

– Eg følte for å følge han. Det var fint og gripande, og vi såg heilt ut i det opne havet, seier musikaren Linda Weltzien Gytri, som var mellom Nigel Rolfes publikum.