Sigurd Reksnes er 38 år og kjem frå Haugen. Han har ein sambuar og jobbar som bonde.

– Kva skal du gjere i sommar?

– Sommaren er ei travel tid når ein er bonde, men har planar om ferietur til sol og varme rundt Middelhavet. Det vert bra etter den kalde våren i år.

– Kva er ditt favorittreisemål?

– Australia. Budde der i nesten eitt år og jobba som trainee på ein stor gard. Fantastisk land med flate gardar og kjekke folk.

– Kva er typisk sommar for deg?

– Arbeid, arbeid og meir arbeid.

– Korleis ser ein perfekt kveld ut?

– Då finn eg på noko kjekt saman med sambuaren min. Gjerne med litt god mat og drikke involvert.

– Kva står på sommarmenyen?

– Sushi frå Måløy.

– Kven fortener ein is i sommar?

– Nils Myklebust, han treng mykje energi no i valkampen.

– Har du ein hobby?

– Eg spelar tuba i Kjølsdalen Musikklag.

– Kva er din beste eigenskap?

– Eg likar å få ting gjort.

Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Senterpartiet vann valet.

– Kva treng heimkommunen di?

– Eid treng at kommunen bestemmer seg for å byggje ein fleirbrukshall ved Nordfjordeid skule. Å ikkje nytte dette høvet til å løyse hallkapasitet-utfordringa vil vere ein stor tabbe.

– Kva er den viktigaste saka di vil jobbe for?

– Ei viktig sak er utbygging av høghastigheits fiberbreiband. Dårleg nett vert fort ein flaskehals for næringslivet. Skal vi få fleire arbeidsplassar, så må infrastrukturen vere den beste. Breiband er heilt avgjerande for tilflytting og vekst.

– Kva vil du vise tilreisande?

– Dei som kjem på besøk får som regel ein tur i fjøsen for å sjå på mjølkeroboten. Elles er kafébesøk på Eid populært. Eg ville og ha tatt dei med på fjelltur her inne i fjorden og besøkt Kråkenes fyr på kysten.