Sølvguttene ville meir enn gjerne komme tilbake til regionen, og ein stengd Skatestraumtunnel stoppar dei ikkje frå å halde konsert i Bremanger.

– Det er trist med ulykka i Skatestraumtunnelen, og det gjer det vanskeleg for sikkert halvparten av bremangarane å komme seg til konserten. Men dirigenten ringde meg då ulykka skjedde, og sa at vi ikkje måtte avlyse konserten. Han sa at no er det viktig at vi gler folket og at ein øydelagt tunnel ikkje måtte stå i vegen, smiler initiativtakar Roald Halsør.

Saman med Selje-organist Jon Inge Sigerland inviterte han Sølvguttene til å komme tilbake til regionen på sin 75-års jubileumsturne.

– Dei gler seg enormt og synest her er fantastisk flott. Laurdag 8. august kjem dei til Selje kyrkje og måndag 10. august blir dei i Bremanger kyrkje.

Sølvguttene har tidlegare besøkt Selje i samband med Seljumannamessa og har halde julekonsertar i regionen.

– Vi har ein plan om å kalle oss for Fjordkonsertane, for då dekker vi heile distriktet. Om vi skal ha eit opplegg berre i Selje, blir det ikkje økonomisk. No får vi dele det med fleire, seier Halsør, som legg til at planen ikkje er å tene pengar på konsertane.

– Vi gjer dette på dugnad, og overskotet går til Sølvguttene. Vi meiner at folk må få oppleve dette, seier han, og legg til at dei har gode støttespelarar i heile fylket.

Jon Inge Sigerland skal vere med på alle dei ti konsertane som blir arrangert, og Halsør meiner ein må vere om seg å få billettar.

– Det har vore veldig populært før, seier han.

Koret er ein institusjon i norsk song- og musikkliv og har teke imot ein rekke nasjonale og internasjonale utmerkingar. Dei feirar 75 år i år og legg ut på to jubileumsturar. Den eine til Mørekysten og Sogn og Fjordane i august og den andre til USA i september.

Sølvguttene skal under leiing av dirigent Fredrik Otterstad framføre kjende og kjære perler frå korlitteraturen. Mozarts Ave Verum Corpus og Händels Hallelujah står på programmet saman med kjende salmar og folketonar.

Sølvguttene tar oss også med inn i Prøysen si verd og vil framføre songar frå Jørn Simen Øverli, Henning Sommerro og Sølvguttenes CD Gull i munn. På konserten vil ein få høyre både kjende og ukjende viser og nye melodiar i fantasifulle arrangement.