– Aktivitetane er godt tileigna både born og vaksne, seier Sunniva Oldeide om havfiskefestivalen som går føre seg i helga.

Denne helga går Måløy Havfiskefestival av stabelen for fjerde året på rad. Arrangørane har stor tru på suksess, og gler seg til både konkurransar, nye matopplevingar og folkeliv.

– Det vert full rulle heile helga, og det er kjekt. Vi har fokus på borna i år, og alle arrangement for ungar er gratis, fortel Sunniva Oldeide, ein av arrangørane.

– Eliasbåten kjem på besøk, og det står både barnefiskekonkurranse og familiefiskekonkurranse på programmet, i tillegg til dei andre fiskekonkurransane, seier ho.

– Personleg gler eg meg spesielt til å få ta i bruk nausta på torget til produksjon av mat, smiler Oldeide.

– Med både innlagt straum og vatn, er det flotte forhold for å lage mat der, og ekspertane skal forvandle fangsten frå konkurransane til dei lekraste måltid, seier ho, og legg til at ho anbefaler folk i alle aldrar å ta turen til Måløy på festival. I tillegg til fiskekonkurransane vert det i løpet av helga blant anna historisk foredrag, fotokonkurranse, fiskeutstilling med premiering og diverse musikkinnslag i torgteltet.