Kalvåg Kystfestival er i gang, og Henry Nøttingnes og barnebarn Ludvig Nøttingnes tjuvstarta litt på festivalen og selde kolsteikte pannekaker. Festivalleiar Arvid Langeland og Kalvåg Kystlag gler seg til helga.

– Kva er tema for årets kystfestival i Kalvåg?

– Vi vil prøve å ta folk med tilbake til 50- og 60-talet då sildefisket var på sitt beste i Norge. Silda var viktig for oss i Kalvåg, og vi i kystlaget vil synleggjere dei gamle tradisjonane i bygda, slik at fleire kan sjå korleis det var, og vidare ta det med seg inn i framtida. I den forbindelse legg vi no opp til tradisjonell kystmat-servering, kostyme og aktivitetar som speglar dei gamle tradisjonane.

– Kva aktivitetar vil du seie speglar 50- og 60-talet?

– For meg er det leikane som vi leika då vi var små og roing. Vi rodde mykje før, og det skal vi også gjere i helga, blant anna i ein konkurranse.

– Kor i Kalvåg er det ting skjer?

– Sjarmen med Kalvåg er at det er lite og konsentrert. Det meste skjer i sentrum, og langs vegen mellom kaienden og Knutholmen. Ved Amtskaia kjem vi til å setje opp ei scene, og her vil det vere underhaldning i løpet av helga. Krambua vert også open. Den står urørt, så her kan folk sjå korleis butikken såg ut i gamle dagar.

– Kva vert det beste med helga?

– Det beste vert heilt klart heilskapen. Vi har eit tett program med mange forskjellige aktivitetar, som vert veldig kjekke å vere med på. Atmosfæren i Kalvåg er alltid god, og dersom sola kikar fram vert det heilt perfekt. Eg håpar også at folk finn fram litt gamle kle dei har liggande på loftet.

– Kven er Kalvåg kystfestival laga til for?

– Vi ønsker at både born, ungdom og vaksne skal finne noko dei synest er interessant på festivalen vår. Vi håpar at så mange som mogleg tek turen. Det er også viktig å få med at ein ikkje treng å vere frå Kalvåg for å kose seg på festivalen vår. Her er alle velkomne.

– Kva betyr denne festivalen for bygda?

– Det har etter kvart vorte ein fin tradisjon mange ser fram til. Det er stort engasjement i bygda, og dei fleste vil vere med på det som skjer. På mange måtar er kystfestivalen med på å skape identitet i bygda, spesielt i år, sidan vi trekk fram dei gamle tradisjonane.