- All erfaring er givande, synes Andreas Bergset frå Eid, ein av 70 amatørmusikarar på sommarsymfoni på Nordfjordeid denne veka.

Han har ingenting imot å bruke delar av sommarferien til å øve og spele i fullt symfoniorkester. Vestlandsk Sommarsymfoni samlar amatørmusikarar frå heile landet for 37. gong på Eid.

- Dette er så inspirerande. For meg som er lærar i kulturskulen får eg fagleg oppstramming, og kjem inn i nytt og spennande repertoar. Her får ein ta del i musikk som ein elles ikkje spelar, og får jobbe i ensemble på høgt nivå, seier Tryggve Dyrvik frå Eid. Han karakteriserer det som ei vitamininnsprøyting.

Repertoaret i år er Forspelet til 3. akt frå Lohengrin av Richard Wagner, Konsert for fiolin, cello og orkester i a-moll av Johannes Brahms, der to av instruktørane, Bjarne Magnus Jensen (fiolin) og Audun Sandvik (cello), er solistar. Symfoni nr. 12 i d-moll av Dimitrij Sjostakovitsj er hovudverk. Dette programmet vert framført i Operahuset Nordfjord på avslutningsdagen laurdag 8. august.

Kvelden før vert det kammerkonsert i Eid kyrkje. På programmet her står verk av fleire kjende og ukjende komponistar. Ein stor del av denne musikken får du høyre på denne konserten.