– Det har vore heilt nydeleg, seier Erik Myrstad, stolt Saab-entusiast som saman med fleire frå Måløy deltok på treff i Loen.

– Det er så mange glade folk, og likesinna. Glade folk frå tidleg dag til seint på kveld. Ein treff på ein måte vennar som ein ikkje har treft før, smiler Erik Myrstad frå Måløy.

I ei veke har han vore med på IntSaab, den internasjonale samlinga for alle Saab-klubbane i Europa på tur.

Treff i Loen

– Ruta i år begynte i Bergen før den gjekk via Flåm, Skjolden og enda opp i Loen, fortel Myrstad.

For nokre gjekk turen deretter vidare til Åndalsnes etter treffet i Loen og planen er å møtast opp i ved Saab-museet i Trollhättan i Sverige laurdag.– Der har eg tenkt å møte opp, seier Myrstad.

Biltreffet arrangert i Loen av Gammalsaabens Venner var over all forventning.

– Det har med at ein har ei voldsom interesse for Saab, det er fantastisk fine bilar. Nokre av bilane ein ser på treff er heilt strokne, og så får ein jo sjå alle modellane. Bilar som ein kanskje ikkje har sett før dukkar opp på slike treff, fortel han entusiastisk.

Myrstad køyrer ein Saab 96 V4, og det var ikkje den einaste veteranen frå Måløy. Ytterlegare to veteranbilar til reiste til Loen, og totalt var det 13 Saab-bilar frå Måløy på treffet.

– Vi var kanskje 25 personar frå Måløy, seier Myrstad og legg til at det er eit godt Saab-miljø i Måløy.

– Det er stor Saab-interesse i Måløy. Mange har Saab, men det er eg og broderen, faderen og Jim Tennebø som reiser treff, fortel han.

Inn med morsmjølka

Årsaka til den store interessa forklarar han slik:

– Det kjem nok litt av at Barmen & Lund selde vanvitig mykje Saab i gamle dagar. Det var allemannseige, seier han. Ifølgje han sjølv, fekk han bilinteressa inn med morsmjølka.

– I mitt tilfelle er det nok ein familiesjukdom som har breidd seg ut, smiler han, og viser til at heile familien køyrer Saab.

Veslesyster Maria (12) var også med på biltreffet, og svarar følgjande på kva bil ho skal ha når ho blir gamal nok.

– Eg skal ha ein Toyota. Nei da! Eg skal ha ein Saab.