Namn:Bente Olseth
Alder:48 år
Sivilstatus:Samboer, tre barn
Bustad:Måløy
Yrke:Lærar ved Måløy vgs

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er oppteken av at ungdommen som reiser vekk for å ta utdanning og gjerne jobbar ei tid, kjem tilbake til kommunen vår. Her er flott å bu særleg når du stiftar familie.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg joggar og går i fjellet. Og så brukar eg det flotte treningssenteret vårt kor eg og av til opererer som instruktør. Elles har eg ikkje fritidsproblem med tre barn som skal følgjast opp.

– Kven beundrar du?

– Faren min som er så sprek og ungdommeleg, og mora mi som alltid stiller opp for oss.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Her er trygt og godt å bu. Ein kan sleppe ungane ut på ettermiddagen slik at dei kan gå til ulike aktiviteter og vener. Her er også flott natur, vi har Norges finaste badestrand og gode treningsmoglegheiter.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

- Der står det to ting. Det første er «Stor bedrift etablerer seg med 100 nye arbeidsplassar» og det andre er «Folketalet i kommunen har auka med 500 personar»

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Då ville eg arrangert ein utedag for dei eldre på Kulatoppen. Handletur og kafétur for dei som kan vere med på det, og eit aktivitetsarrangement eventuelt ein konsert ute på Kulatoppen. Men til det trengs det fint vêr.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det må vere ein gong eg var 15-16 år og skulle på konsert meg Åge Aleksandersen i Turnhallen i Måløy. Noko skjedde så han rakk ikkje fram i tide. Vi sat i fleire timar og venta på at han skulle komme. Då han endeleg kom rigga han seg til, og vi fekk konsert.

– Kva har du på nattbordet?

– Ei bok som heiter "Elevsentrert skoleledelse" av Vivian Robinson. Og så Billy då, må ha Billy som avkopling.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Dn.no, nrk.no/sognogfjordane og facebook.

– Kva er meininga med livet?

– Då kan eg berre seie som Kierkegaard: «At livet leves forlengs, men kan bare forståes baklengs». På grunn av det kan det vere vanskeleg å setje ord på kva som er meininga med livet.