Kom deg ut-dagen blir markert over 130 stader i landet. Både Keipen Turlag og Ytre Nordfjord Turlag er med på dagen.

Kom deg ut-dagen er Turistforeninga sitt tilbod til barnefamiliar og er Norges nasjonale turdag, som blir arrangert to gonger i året.

Barnas Turlag og Keipen Turlag markerer dagen på Knekkevasshytta søndag. Barnas Turlag har laga til turquiz frå Sørdalsvatn til Knekkevasshytta. Oppmøte er ved Sørdalsvatn.

Ved Knekkevasshytta blir det servert suppe, kake, saft og kaffi. Ytre Nordfjord Turlag markerer også Kom deg ut-dagen. Hos Barnas Turlag Selje blir dagen arrangert laurdag 5. september i samarbeid med Selje Sør KFUK & KFUM speidarane.

Det er felles markering av Kom deg ut-dagen og Natt i naturen. Oppmøte blir i Nordpolen ved Speiderplassen. Det blir quiz, ein kan utforske naturen saman, spikkeskule og noko godt vert laga for å ha på bålet. Ein kan også overnatte til søndag om ein vil det. 6. september blir dagen markert også på Søholmen av Barnas Turlag Ytre Nordfjord. Her blir det mange aktivitetar, som rebusløp, grilling, leik og moro. Oppmøte blir ved Fjordly.