Fekk heider og ære

. (Foto: Janne Weltzien Listhaug)

Knutholmen var ein av finalistane til Sogn og Fjordane sin reiselivspris. Prisen gjekk til Gloppen Hotell. Knutholmen og Jostedalen Breførarlag var dei to reiselivsverksemdene som fekk heiderleg omtale. Dette skriv juryen om Kalvåg:

«Kva hadde Kalvåg vore utan Svein Inge Fosse? Knutholmen er ein hjørnesteinsbedrift i lokalsamfunnet og eit fyrtårn på kysten av Sogn og Fjordane. Med ein omsetning på oppunder 14 millionar og godt årsresultat representerer Knutholmen ein berekraftig reiselivsverksemd. Son, medeigar og kokk Jan Fredrik byr på havet sine freistingar med førsteklasses råvarer frå den lokale fiskefabrikken Brødrene Larsen.

Som båtgjest, turist eller firmakunde kan ein nyte god atmosfære og få oppleve ramsalt kystkultur på båttur med ein lokal fiskebåt. Opphald i restaurerte sjøbuer set råma rundt gode opplevingar av kystkultur. Samarbeidsånda står sterkt i Kalvåg, kor Svein Inge står i bresjen for lokal utvikling og tilretteleggjar for fleire andre aktivitetsbedrifter. Dette kjem den reisande til gode med eit meir komplett opplevingstilbod. Med bakgrunn i eit godt vertskap som er oppteken av god tilrettelegging for kursopphald og grupper er Knutholmen valt ut som ei Handplukka Bedrift.»

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende