Frontfiguren i Vamp, Øyvind Staveland, meiner Samfunnshallen på Tennebø er ein av dei beste konsertsalane på Vestlandet.

Det var etter konserten i Samfunnshallen denne veka at han skrytte av både hkonsertsalen og publikum.

Og etter 20 år på turné i Norge så er det ein av dei mest erfarne på sitt felt som uttalar seg.

– Det er alltid moro å spele konsertar i Måløy. Det har vore omtrent fullt hus kvar gong vi har vore her. Det har vore veldig god stemning, sa Staveland etter at gruppa hadde servert folk i ytre Nordfjord litt av det beste gruppa har laga av musikk desse åra.

Dagleg leiar i Nordfjordhallen drift, Ronny Totland Silden, var svært godt fornøgd både med at det var 500 i salen, og med den flotte konserten.

– Det var veldig bra. Og det er tydeleg at publikum likte det dei fekk servert. Med tanke på alle konsertane og alt som skjer i desse dagar, så var det bra med 500 i salen. Det er tydeleg at Vamp er svært så populære, sa Totland.

Britt Småvik og Arve Per Kvalheim frå Måløy var to av 500 som fekk ei fantastisk jubileumsførestilling med Vamp i Samfunnshallen denne veka.

– Dette var heilt fantastisk. Tenk å vere så levande og bra etter 20 år i norsk popbransje.

Det sa Britt Småvik etter at ho og alle dei andre i salen hadde stått og trampeklappa fram to ekstranummer av Vamp.

Her kan du sjå glimt frå konserten

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende