Dersom barna i Norge kunne få bestemme, kva skulle då vere lov og ikkje?

Holvik barnehage var blant barnehagane som denne veka feira barnehagedagen med slagordet "Eg har noko å seie!"

Tre av barna i barnehagen troppa opp på Vågsøy-ordførar Morten Hagen sitt kontor med ei ny grunnlov.

Den nye lovteksten gjekk mellom anna på at alle skal vere snille med kvarandre, at det skal vere lov å spise sjokolade i barnehagen og at det ikkje er lov å krige, slå eller skubbe.

- Det var eit flott arbeid med mange gode tankar frå små barn, seier Morten Hagen.

Ordføraren lovde å henge plakaten opp på veggen, før han scanna loven og ville sende den til sjølvaste statsministeren, ifølgje Trude Lund som er pedagogisk leiar i Holvik barnehage.

I Selje kommune tok ordførar Ottar Nygård på seg ordførarkjedet og besøkte Flatraket barnehage, som også hadde jobba med demokrati og grunnlov.

I Skarevik barnehage på Raudeberg var det i avdelinga frå 1-3 år hengt opp bilde og intervju av barna der dei fortel kva dei likar å gjere i barnehagen.

Også barna i Kalvåg barnehage fekk besøk av ordføraren. Karl Vidar Førde snakka med barna om kva demokrati er.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende