Turid Breidalen hadde laurdag sin første loppemarknad i dei nye lokala, i Firda Canning.

– Her er det eineståande og med lokalhistorie i veggane. Det har aldri vore så mykje folk, fortel ho.

Før dørene opna fortel ho at det var lang kø utanfor, og folk kom eins ærend både frå Florø og Stryn.

Neste loppemarknad blir under Måløydagene, og Breidalen tek imot nye lopper.

– Alt bortsett frå kle, kvite blomsterpotter og leksikon, smiler ho.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende