Etter suksessen med MOT-konserten i fjor, er ungdommane klare til ein ny fest i år med den kjende bergensrapparen Lars Vaular.

– Det blir «rett opp og ned», smiler Nikolas Berg og viser til ein av dei kjende songane til bergensartisten.

– Eg håpar at det blir like bra som i fjor, seier Elise Silden.

Under Måløydagene i fjor var det ingen ringare enn Lido Lido og Atle Pettersen som stod høgast på plakaten. Med god hjelp frå lokale stjerner som Line Dybedal, Annette Gil og fleire blei kvelden ein suksess.

– Det var ein kjempesuksess! Vi hadde over tre hundre betalande og det var ikkje noko tull, forsikrar MOT-koordinator Dagny-Ann Gangeskar.Ho fortel at Pettersen hadde lyst å komme tilbake.

– Men han var booka til noko anna den helga, seier Gangeskar.

Det er Bjørn Engelbrektson som har fått Vaular til Måløy.

– Eg sendte inn forslag frå ungdommane til han og Lars Vaular kunne, fortel Gangeskar.

– Eg trur han vil dra litt folk, seier Amanda Thomsen om Lars Vaular.

Musikaren frå Åsane i Bergen rappar på dialekt og har gitt ut fem soloalbum. Han vann Spellemannsprisen tre år på rad i klassen hiphop.

I tillegg til Vaular vil ein også finne mange lokale talent på scena.

Les heile saka i vårt påskenummer onsdag 9. april.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende