Kok­ken Tor står på sce­na i Kal­våg laur­dag 2. au­gust.

– Det blir ei pangavslutning på årets Kyst­fes­ti­val, sei­er Jan An­dré Bol­set i Ak­tiv Kal­våg.

Laur­dag 2. au­gust går Kok­ken Tor på sce­na i Kal­våg. Dette er eit av Noregs mest po­pu­læ­re og et­ter­spur­te band til å pre­sen­te­re norsk rock på norsk, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Kok­ken Tor er eit norsk­rock co­ver­band. Med eit re­per­to­ar som be­står av det ab­so­lutt bes­te in­nan nors­ke ro­cke­sla­ge­rar, fan­gar dei pub­li­kum i si hole hand og tek dei med på ein hardt­slå­an­de hit­kon­sert med lå­tar frå Dum Dum Boys, de­Lil­los, Jok­ke og Valentinerne, CC Cowboys, In­gen­ting og Post­gi­ro­byg­get med flei­re.

Ban­det be­står av mu­si­ka­rar med bak­grunn frå man­ge år på ve­gen i for­skjel­li­ge band. I til­legg til eit ener­gisk sce­ne­show er Kok­ken Tor kjend for å gje det dei har for at lo­ka­let skal koke opp­til flei­re gon­gar før ar­ran­gø­ren kut­tar strau­men!

Ban­det har dei sis­te åra job­ba seg opp eit ryk­te for å vere det «galnaste» og «rå­as­te» norsk­rock-partybandet som rul­lar langs nors­ke ve­gar.

– Vi er su­per­gla­de for at Kok­ken Tor sa ja til å vere med på årets ut­gå­ve av Kyst­fes­ti­va­len i Kal­våg. Eks­tra stas er det at to av med­lem­me­ne er frå Bre­man­ger, Kim Arin Schei og Tho­mas Lil­le­rov­de. I år går vi av med eit PANG, sei­er Bol­set.

Det er Ak­tiv Kal­våg i sa­mar­beid med Kal­våg Kyst­lag og Knut­hol­men som står bak Kal­våg Kyst­fes­ti­val, 1. – 3- au­gust.