Til helga er det klart for ei ny utgåve av Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Tusenvis av festivaldeltakarar er venta til Eid i løpet av helga.

Sverre Solibakke i Økonor Eid som er regnskapsførar for Malakoff Rockfestival har ovanfor Fjordabladet anslått at deltakarane legg igjen 25-30 millionar kroner i kommunen i løpet av helga.

– Viss vi går utifrå 10.000 menneske på festivalen dagleg, at dei kjøper seg festivalpass til 1000 kroner og gjerne brukar 500 kroner inne på området begge dagane. I tillegg handlar dei for 500 kroner dag i butikkane, eksempelvis mat, ei bukse, ei t-skjorte eller ein campingstol på Europris. Nokre brukar meir, andre er studentar på sparebluss. Men i snitt vil eg tru det ligg på dette nivået som eit forsiktig anslag.  Eg vil tru det anslagsvis kan bli omsett for 25-30 millionar kroner. Visst er det betydelege summar, seier Solibakke til Fjordabladet.