Prisar og vilkår

 

 

Prisar og vilkår

Abonnement

 
Prisar og vilkår: 
 
Prisar gjeldende for 2017  12 mnd 6 mnd 3 mnd 1 mnd 
Total 1850,- 985,- 525,-  170,-
Digital 1188,- 594,- 297,- 99,-
UNG 33 708,-  354,-  177,- 59,-
 

 
Fakturatillegg kr 40,- (bortfaller ved bruk av Avtalegiro eller eFaktura) 


Laussalspris
Frå 01.01.2016 er laussalsprisen kr 25,- 


1. Generelle abonnementsvilkår
1. Gjeldande vilkår er dei som til ei kvar tid ligg på avisa si nettside.

 
2. Avisa kan når som helst endre prisen på det løpande abonnementet. Om det løpande abonnementet strekkjar seg over ein periode med ny og gammal pris, vil dette være spesifisert på fakturaen.

 
3. Nye abonnementsprisar vert opplyst gjennom avisa og nettsida til Fjordenes Tidende seinast 14 dagar før den trer i kraft.

 
4. Fakturagebyr kjem i tillegg ved papirfaktura. Fakturagebyret fell bort ved Avtalegiro, eFaktura og kortbetaling.

 
5. Abonnementet betalast på forskot i samsvar med den betalingsperioden som er vald.

 
6. Dersom abonnementet ikkje vært betalt innan rimeleg tid etter forfall, vert avisleveringa stoppa og det vil bli sendt ut faktura for den perioden avisa er blitt levert.

 
7. Abonnementet løper inntil det vært sagt opp. Ved oppseiing løper abonnementet ut den perioden det er betalt for, men vert ikkje fornya.

 
8. Total-abonnement inneheld: papiravisa, pluss-saker på nett og e-avis.

 
9. Alle artiklar, fotografi, grafikk m.m. vert stilt til rådigheit for vising/lesing. Kopiering eller utskrift til eige personleg bruk er tillat. Ytterlegare bruk og framstilling krev skriftleg avtale med avisa. Verksemder må ikkje distribuere materiale til bruk for verksemda sine ansatte eller til kommersielt bruk. Dette gjeld og vidareformidling i elektronisk eller digital form. 
Det vert elles vist til lova om opphavsrett.
 
2. Særskilde vilkår for papiravisa
1. Levering av papiravisa kan flyttast til ny fast adresse eller til ferieadresse.

 
2. Midlertidig stopp i leveringa av papiravisa vert ikkje godskrive, då sjølve abonnementet løper som eavis i same periode.

 
3. Dersom papirleveringa skulle verte manglande, vil avisa sitt erstatningsansvar begrense seg til det beløp som er betalt  i den perioden avisleveringa har uteblitt.
 
3. Særskilde vilkår for digital tilgang
1. Alle prisar er inkl. mva. for dei digitale delane av abonnementet.

 
2. Abonnementet eller dagspasset gir digital tilgang til plussartiklar på fjt.no, til dagens eAvis, og eAvis arkivet tilbake til 2014. Ved kjøp av dagspass gjeld tilgangen fram til midnatt same dag.

 
3. Dersom tilgangen vert misbrukt eller spreidd ut over det tillatne, kan avisa stengje tilgangen med det same. Alvorleg misbruk kan bli anmeldt.

 
4. Den digitale tilgangen vert levert så lenge abonnementet løper, og under evt. stopp i levering av papiravisa.

 
5. Forseinkingar på digitale utgåver vert ikkje godskrive.
 
4. Særskilde vilkår for UNG
1. Gjeld for deg mellom 18 og 33 år.

 
2. Abonnementet er kun digitalt og inneheld eAvis og Fjordenes Tidende Pluss.

 
3. Gjeld t.o.m. det året du fyller 33 år.

 
4. Abonnementet føreset at vi kan kommunisere med deg på e-post.

 
5. Ved bestilling må fødselsdato oppgjevast og kopi av legitimasjon må visast fram og sendast avisa på førespurnad. Kan ikkje gyldig legitimasjon visast fram, kan abonnementet bli endra til ordinært digitalt abonnement. Du vil få ei påminning om dette før fristen går ut.

 
5. Særskilde vilkår ved kjøp på nett
1. Det er 18-års aldersgrense for kjøp frå vår nettbutikk.

 
2. Kjøpet kan hevast innan 14 dagar.



Ta kontakt med avisa sitt kundesenter ved spørsmål og heving av kjøp.


Avisa brukar kundeopplysningane til å oppnå større kunnskap om våre kundar, slik at avisa løpande kan forbetre produktet. Når det gjeld informasjon som er oppgitt på brukarkonto, samt informasjon knytt til transaksjonar har avisa felles behandlingsansvar med Schibsted Payment AS som leverandør av SPiD-tenesta. Opplysningane vert ikkje vidaresend eller seld til andre tredjepartar og vert oppbevart i følgje norsk lovgjeving. Abonnentar må syrgje for at avisa til ei kvar tid har riktig kontaktinformasjon.
 

 

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå