Ofte stilte spørsmål

Fjordenes Tidende Pluss

 

Eg er abonnent, men får ikkje tilgang, kva gjer eg?

Ta kontakt med kundeservice på tlf.57849000 eller e-post: abonnement@fjt.no , så vil vi hjelpe deg.

 

Blir det dyrare å vere abonnent?

Abonnentar har no eAvisa inkludert i abonnementet og vil få ubegrensa tilgang til våre pluss saker på fjt.no utan at det kostar noko ekstra. Fjordenes Tidende har dei siste årena justert prisen kvart år, det gjer vi også i år. Nye kundar som kjøper nye produkt vil få nye prisar.

 

Eg hugsar ikkje kundenummeret mitt, kvar finn eg det?

Kundenummeret ditt står på fakturaen og under Abonnementsinfo på MinSide.

Få kundenr. tilsendt: http://fjt.alda.no/opprettbruker?3&aviskode=FT .

 

Kva består det nye, utvida abonnementet av?

Alle abonnentar får følgjande inkludert i sitt abonnement:

  • Tilgang på alle saker som ligg på fjt.no, også dei som ligg på Fjordenes Tidende Pluss seksjonen
  • eAvisa, den elektroniske versjonen av papiravisa
  • Digitalt arkiv
  • Papiravis to dagar i veka, tysdag og fredag, for Total-abonnentane

 

Kva er forskjell på dei ulike plattformane?

  • Papiravisa kjem to dagar i veka
  • eAvisa er ein fullverdig, elektronisk versjon av papiravisa. Den kan lesast på PC/Mac, lesebrett og smarttelefon. For å få tilgang på nettbrett og mobiltelefon, last ned vår gratis app i AppStore eller på Google Play
  • På fjt.no får du løpande nyheitsoppdateringar gjennom veka, også på artiklar som ligg på Fjordenes Tidende Pluss seksjonen

 

Tilbyr de digitalt abonnement?

Fjordenes Tidende tilbyr eit reint digitalt abonnement for dei som ønskjer nyheitene Fjordenes Tidende produserer, men ikkje ønskjer papiravisa. Som abonnent får du tilgang til eAvisa, i tillegg til alt innhald på fjt.no.

 

Kor mange kan ha tilgang samtidig?

- Det gjeld same reglar som for privat og bedriftsabonnement, det vil seie at det kan knytast berre en SPiD-brukar til eitt abonnement.

 

Betaling og faktura

Får eg kvittering på kjøpet mitt med kredittkort?

Du får ein e-post som fungerar som kvittering for den første månedan av ditt abonnement.

Dersom du treng kvittering på ein lengre periode ta kontakt med kundeservice på tlf. 57849000 eller e-post: abonnement@fjt.no , så hjelper vi deg.

 

Kor lang tid tek det før eg kan lese eAvisa/alt på fjt.no som eg har betalt/betaling er på veg?

Dersom du har bestilt abonnement via vårt kundesenter, vil abonnementet bli aktivt frå oppstartsdato.

Har du kjøpt abonnement via fjt.no/SPiD, vil du få tilgang umiddelbart.

 

De har trekt feilaktig frå mitt kredittkort då eg bestilte abonnement, kva gjer eg?

Dersom dette skuldast ein feil frå Fjordenes Tidende si side, vil vi sjølvsagt refundere beløpet som du har inneståande hos oss. Ta kontakt med kundeservice på tlf. 57849000 eller e-post: abonnement@fjt.no , så vil vi hjelpe deg.

 

Midlertidige endringar

Eg skal ut og reise nokre veker, kan eg stoppe levering av avis?

Ja, vi kan stoppe utlevering av papiravisa men framleis halde abonnementet aktivt. Dermed har du framleis tilgang til eAvisa og full tilgang til fjt.no under reisa.

 

Kan de samle opp papiravisene for meg i denne perioden slik som før?

Ja, det kan vi.

 

Kan eg omadressere slik som tidligare?

Ja, det kan du.

 

Kan eg gi den bort til et sykehjem slik som før?

Ja, det kan du.

 

Eg har alltid fått forlenga abonnementet mitt i stopperioden, kvifor får eg ikkje det lenger?

Sjølv om du stoppar levering av papiravisa, har du framleis tilgang til vår eAvis og Fjordenes Tidende Pluss. Denne tilgangen har du betalt for, og det er du som styrer i kva grad abonnementet vert nytta. Difor vert ikkje abonnementet forlenga sjølv om du stoppar levering av papiravisa.

 

Kvar kan eg avbestille papiravisa for godt?

Ta kontakt med kundeservice på tlf. 57849000 eller e-post abonnement@fjt.no , så hjelper vi deg.

 

Korleis erstattar de manglande digital tilgang?

Vi gjer alt vi kan for at du raskt skal få tilgang til dei produkt du har bestilt og betalt for.

Dersom både papirlevering og digital tilgang uteblir på grunn av tekniske feil hos oss, vert dette kompensert det tilsvarande tal dagar.

 

Eg er innlogga, men får likevel ikkje tilgang. Kva skjer?

Det kan vere at du er innlogga med eit brukarnamn som ikkje er kobla opp mot abonnementet ditt.

Har du fleire brukarnamn, kan det vere at du er innlogga med eit som ikkje er kobla mot ditt abonnement. Ta kontakt med kundeservice på tlf. 57849000 eller e-post abonnement@fjt.no , så vil vi hjelpe deg.

 

SPID/MIN SIDE

Kva er SPID?

  • SPiD står for Schibsted Payment Identification. Det er eit digitalt påloggings- og betalingssystem.
  • Betaling skjer via PayEx og er trygt og sikkert.
  • SPID er ein felles påloggings- og betalingsløysing for Schibsted-selskap (VG, Finn.no, Vektklubben, Stavanger Aftenblad etc.) samt avisene i Polaris Media.
  • Kunden må opprette ein SPiD-profil for å få registrert seg digitalt.

 

Eg har ikkje PC/nettbrett/smarttelefon, kan eg gi bort den digitale delen?

Ja, du kan gi det bort til nokon i same husstand.

 

Eg vil ikkje ha digitalt abonnement, og vil seie opp avisa. Får eg tilbake det eg har betalt?

Ta kontakt med kundeservice på tlf. 57849000 eller e-post abonnement@fjt.no , så hjelper vi deg.

 

Kor lenge varer dagspasset?

Dagspasset varer i 24 timar frå det vart oppretta.

 

 

 

 

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå