Dette innlegget er skrevet av Nils Myklebust, Havnerådsleiar NH IKS.

Til Alfred Bjørlo

I ein e-post 3.2.2016 til ordførarane i dei samarbeidande kommunane går du til eit knallhard og belærande angrep på meg, som havnerådsleiar.

For det første så vart eg ringt opp av NRK Sogn og Fjordane med spørsmål om eg kunne bekrefte at Stig Oldeide vart fremja som styreleiar av meg. Det svara eg bekreftande på. Skulle eg svare at det visste eg ikkje? Dette kom opp som ei sak om usemje i Arbeidarpartiet i Vågsøy. Eg gjorde det også klart at eg høyrde til mindretalet.

Du kjem med påstandar om at eg driv med «omkamp». Kva er der du viser til her? Har eg foreslått omval? Dette er berre tull.

Så til småbarnsforelder og aleinemor. Det eg spurte om var om kandidaten som var fremma hadde tid til eit slikt verv? Så viste eg heilt riktig til at ho var ei aleinemor, og då er det kjent for dei flest at full jobb krev sitt og at dette vervet vil krevje tidsbruk. Dette vart avklara av Morten Hagen som sa at ho var budd på tidsbruken og at det var avklara med hennas arbeidsgjevar. Meir vart det ikkje sagt om det.

Grunnen til at eg spurte var at eg kjente til kor mykje tid dette vervet ville krevje, kanskje mykje meir enn du er klar over, spørsmålet var heilt relevant.

Så reagerer du på at eg utan å ha spurt dei andre kommunane om å fremje Stig Oldeide var ukjent for deg, og at du burde vore kontakta.

Hugsar du ikkje kva eg fortalde deg i Loen veka før? Då sa du til meg at du hadde ingenting imot at sittande styreleiar vart attvalt, eg fortalde deg også i denne samtala at vi i Vågsøy hadde problem med å verte einige om styret si samansetjing med oss som var valte ifrå Vågsøy Kommunestyre til hamnerådet. Til det så svara du at du håpte at vi vart einige, noko eg også hadde håpa på.

Så har du i tillegg uttalt til media at det no var på høg tid at vi får kvinner inn i leiande funksjonar. Der er eg heilt einig. Men kva har du som ordførar i Eid bidrege med i så måte? Det er ikkje spreke greiene.

Eg sende deg ein e-post 26.11, og med purring, 7.1 om at Eid sit forslag til styre i NH ikkje hadde kjønnsbalanse, då Eid hadde to menn på lista og ikkje ei kvinne og ein mann, slik det er krav til.

At du er så frekk at du går ut å nærast stemplar meg som mannssjåvinist, som der ikkje finnast noko slags grunnlag for, mens du sjølv ikkje har orden i ”eige hus”.

No seier du at det er på tide at eg går ut og støttar den nye styreleiaren. Klar eg gjer det. Eg var ueinig i valet og ferdig med det.

Vi skal alt i dag ha møte mellom styreleiar, hamnedirektør og havnerådsleiar, dette var avtalt at vi skulle ha kort tid etter at valet vart gjort, det var berre å finne eit tidspunkt for ei slik samtale.

Det er du som med dine uttalar sår tvil om dette, noko som er utan rot i verkelegheita.

Som ein konsekvens av Alfred Bjørlos utspel, så går den nye styreleiaren ut og seier at det også vart trakt fram at ho var aleineforsørgjar. Dette veit eg ikkje kvar ho har ifrå, det var iallfall ikkje oppe i møtet. Ho seier også at det er vanskeleg for unge kvinner å komme inn i styrer. I denne saka så har eg gjentekne gonger presisert overfor eigarkommunen at der er krav til kjønnsbalanse i styret, dette har som sagt Alfred Bjørlo ikkje klart å halde seg til i Eid, der han er ordførar.

Så å gje meg skulda for dette talar for seg sjølv og seier meir om han enn meg.

Eg er heilt samd i å sjå framover og det er mykje viktig som skjer, dette vil eg som havnerådsleiar bidra til, så langt eg kan.